påskegodtet.

gårsdagen skulle syne seg å bli ein sjukt underleg dag. det syner seg nemleg at det har gått føre seg eit og anna her i huset rett under folk sine nasar (for ikkje å snakke om øyre).

det heile starta då eg sat inne på rommet framfor vindauget og skreiv på oppgåve (endeleg...), og eg såg maria kome oppovervegen, MED EIN HANDLEVAGN. okei, det er kanskje ikkje så rart å gå med handlevagnaro oppetter vegen, vi bur altså eit stykke frå butikken, men vi plar alltid å sykle med sekk til butikken og det var uansett ikkje handledag, så ja, det var litt sjokkerande. eg gjekk ut for å møte ho utanfor huset. det går jo trass alt ikkje an å trille handlevagnen inn. huset er ikkje akkurat tilpassa funksjonsutfordra.
 
då eg såg kva det var ho hadde handla, forsto eg at noko var på ferde.

-påskegodt?!?
 -det var på tilbod til halv pris, sa maria, utan ei mine.
-åh, sa eg. halv pris du. det er jo ganske billeg.
-ja, sa ho.

så trilla vi vagnen til solveggen.
-eg går inn og henter nokre teppe, eg, sa eg. maria sto og såg temmeleg tomt ut i lufta, så eg skunda meg inn og fann fram nokre puter og eit par flisteppe. vi lagde oss til eit fint lite reir derute, og starta med å skrelle kvar sin appelsinsjokolade.

-det er slutt, sa ho.
-åh?!?
-menn er dritt. dritt altså.
-ja, svara eg.

slutt? korleis kunne det vere slutt? eg var sikker på eg hadde høyrd dei både ein og to gongar, men då ikkje kranlinga deira. var det mogleg å slå opp heilt stille? å gjere det slutt nærast utan eit ord? det hadde riktignok vore litt stille under frukosten på sundag.

-men, alt verka så normalt på sundag, sa eg.
-ja det gjorde kanskje det, sa ho.
-mhm.
 -men det var det altså ikkje.
-nei.

då ferdinand kom ein time etterpå hadde vi ete oss gjennom kvar sin sjokoladeappelsin, ei pakke med plommen i egget (har du høyrd eit eklare namn nokon gong?) og hadde nett funne fram til kvart vårt kolibriegg.

-eg trur vi må finne fram noko eplevin, var det einaste han sa. 

heimen vår




huset sto tomt då vi fann det
så vi gjekk inn i det
byrja å stryke handflatene over veggene
for å kjenne
at det budde mus der
som pila over golvet
om natta når
vi sov uroleg
var vi sikkert like redd
for å bli kasta ut
som dei

 

typisk måndag



eg vakna til den finaste kjensla av at sola skein gjennom glaset. eg elskar når det skjer. låg faktisk litt ekstra lenge, og berre vrei meg i halvsvevn i det ganske nyvaska sengetyet. med sola på nasen. digg.

synet som verkeleg vekte meg var kanskje dette; eg kom inn på kjøkenet og såg angelica sitje ved frukostbordet, pottesur, medan ho slurpa i seg eit glas med cultura.

heile kjøkenet var eit einaste virrvarr av tørkande bilete, diverse klesplagg, alskens malingskostar og ruller. og sist men ikkje minst, så var alle lampene frå heile huset krampa saman på det lille kjøkenet.

eg må ha sett ut som eit einaste stort spørsmålsteikn, så ho peika mot kjøleskapet, der denne lappen hang. ferdinand. eg burde ha forstått det.

hadde du ein fin morgon?

det knirkar i huset




såg breakfast at tiffany's igjen i kveld.

det er som om han trekker fram ting eg har gløymd, noko eg trudde ikkje var der lenger, eller som eg trudde eg kanskje hadde lagt bak meg.

men her i aurland er det som om alt det kjem krypande. eg trur det har med lyset å gjere, at det blir sumar.

at kveldene vert lysare. og når eg ser ho stå der framfor tiffany's om morgonen minner det om ein annan morgon. då eg var ein annan, og alle andre òg. då eg og v. gjekk ut døra hans for å kjøpe frukost på deli de luca.

og det var sumar som heldt på å bli haust. eg trur du er svolten, sa han; sannsynlegvis har du rett, svara eg.

etter ein fest



ho er så lita
har så tjukt hår

ser med store auge på verda

alle gutane har lyst til å trøyste ho
med pikken

dikt idet det vårast

det! er! lyst!
ser: lysrogn. bekken.
hjortens horn

--

har to blomar
på brystet

som knoppar
som knoppast

--

ljosken i auget

ditt

er ein ljoske

i verda


kom tilbake

herleg sundag!



eg vakna av at ferdinand kom inn med ein kopp med økologisk roibush-te, sat seg på sengekanten.
-har du sove godt kjære? sa han med eit av sine mjuke smil.
eg grynta noko attende og tok tekoppen han.
- pass på, sa han. det er varmt.
eg grynta igjen.
-ikkje ver sur, sa han. eg har laga frukost.

om

lukka; livet. knirkinga i huset; suset i ospene utanfor punkterte vindauge. det blæs; det regnar. så er det sol.

cava; litteraturvitskap. tid til å gå ned til fjorden. sjå utover vatnet som er som auge. å sjå mot lyset ein dag i mai. ein dag september; skyane er mørke. fjorden er mørk. han er som auge. fjorden.

ferdinand fekk ideen. ein sundag han vakna, som så mange andre, kledd i kjole, med livets tyngd plassert på skuldrene, såg han at vi ikkje kunne leve der lenger. vi måtte ut. ferdinand, angelica, maria og eg.

til aurland! til livet!

nok er nok. vi kan ikkje lenger leve i denne byen; den er grå.

vi reiser i kveld.

til aurland. til livet blant angande morelltre og forlatne landevegar der få ferdest. ut av byen.

til aurland.

til eit gamalt, forfalle hus, kvitt trehus. det har levd ekte folk der, i hundrevis av år. no er det tomt. med store kvite gardiner. vi har kjørt forbi, vi har kjørt forbi med bussen, mange gonger. no skal vi bu der. no skal vi leve.
Les mer i arkivet » April 2010
hits